Inn i elden (2012) har de dramatiske heksejaktene i Norge og Finnmark på 1600-tallet som utgangspunkt, og er en rørende skildring av to jenters liv som krysses. Det er en virkelig god og spennende bok med en dramatisk slutt.
For de som er interessert i bøker som skildrer vår historie, er Ainas bøker virkelig å anbefale. Hun skriver godt veldig engasjerende, og på nynorsk. Så for de som synes nynorsk er vanskelig eller skummelt, er disse bøkene perfekt siden de sannsynlig vis vil overbevise deg om at nynorsk ikke er så vanskelig eller skummelt som du kanskje først tror.
(alle bilder fra www.samlaget.no)
Aina har også skrevet to historiske romaner for voksne, Finne ly (2014) og Fange 59. Taterpige (2011).
Jeg sendte en mail til Aina og spurte om hun ville svare på noen spørsmål fra oss i barne- og ungdomsavdelingen. Under kan du lese hennes svar.
1. Hvorfor skriver du for barn og unge ?
Eg skriv, som mange andre forfattarar, både for barn og unge
og for vaksne, og det er ikkje nokon spesiell grunn til at eg skriv ei bok for
barn og unge og ei anna for vaksne, ofte er målgruppa ein naturleg konsekvens
av kva slags historie eg vil fortelje. Når det er sagt var eg svært oppteken av
litteratur i barndomen og ungdomen, så eg veit kor viktig det er at det finst
gode bøker og bøker for ein kvar smak. Det er ein ekstra motivasjon for meg når
eg skriv for yngre lesarar.
2. Vet du hvordan boka ender når du starter å skrive ?
Nei, det liker eg å ikkje vite. Eg kan ha ei aning om kva
som kan kome til å skje og gjerne fundere over fleire alternative sluttar, men
den endelege slutten skriv eg fram etter kvart, slik at han blir ein naturleg
konsekvens av det som skjer i boka. Det er nemleg mykje som skjer undervegs i
skrivinga, som ein aldri kunne ha planlagt på førehand!
3. Hvor var du da du fikk idéen til din første bok ?
Eg sat på eit møterom på Riksrevisjonen i Oslo og jobba med
å ordne arkiva deira. Det var min første jobb etter eg var ferdig med
mastergraden i historie og det var ein kollega som føreslo at eg skulle bruke
masteroppgåva mi i historie, om blodskam, til å skrive ein roman. Slik blei Ingen må vite til.
4. Kan du nevne ei bok som du husker godt fra du selv var
barn/ungdom, og hvorfor gjorde den inntrykk ?
Eg las veldig mykje og hadde mange favorittar, men det
første som kjem inn i hovudet mitt er bøkene til Maria Gripe. Eg likte veldig
godt dei historiske Skygge-bøkene hennar og Tordivelen
flyr i skumringen. Men eg trur nok Agnes
Cecilia er den boka som har gjort sterkast inntrykk, den er skummel og fin
samtidig. Eg har sett filmen i vaksen alder, og grøssar framleis godt når den
gamle klokka plutseleg byrjar å tikke. Eg trur eg likte bøker som tok meg som
ung lesar på alvor.
5. Har du opplevd noe av det du skriver om i bøkene dine ? (Evt
Skriver du deg selv inn i historiene din ? )
Nei, eg har ikkje det. Eg skriv om ting som har hendt folk
for fleire hundre år sidan, og som heldigvis ikkje har hendt verken meg eller
nokon eg kjenner. Men ein forfattar bruker alltid delar av seg sjølv i bøkene
sine. For å klare å skildre eit anna menneske må du finne fram til dine eigne
erfaringar og kjensler. Og dei fleste har opplevd å føle seg både urettferdig
behandla, trist, glad, forelska, redd og sint. Desse erfaringane kjem godt med
i skrivinga.
6. Hvis du ikke hadde vært forfatter – hva ville du ha jobba
med ?
Eg ville sikkert ha arbeidd som historikar, slik eg også
delvis har gjort heilt sidan eg blei ferdig utdanna i 2005. Eg er veldig glad i
historiefaget, i å vere detektiv i gamle arkivkjelder og finne historier som
ingen har vore kjende med på hundrar av år. Eg trur nok eg kunne hatt eit godt
liv som historikar. Men eg ville nok ha skrive på si, og hatt hemmelege tekstar
i skrivebordskuffa.
7. Når fant du ut at du ville bli forfatter ?
Apropos favorittbøker eg hadde då eg var yngre, så var eg
veldig begeistra for Anne fra Bjørkely-bøkene. Dei kom ut for omtrent hundre år
sidan og er skrivne av ein kanadisk forfattar som heitte Lucy Maud Montgomery. Anne
i bøkene vil gjerne bli forfattar eller iallfall få gitt ut noko.
Då eg las bøkene i 12-årsalderen
blei nok den første spiren i meg sådd. Men eg blei ikkje sikker før eg gjekk på
vidaregåande og fekk vere med på manusseminar i Oslo med forlaget eg no har
gitt ut fire bøker på, Samlaget. Der diskuterte vi mine og andre
forfattarspirar sine tekstar og eg fekk mitt første møte med bokbransjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar